16.-19. mai gjekk eg og Lene Osterøy på langs, frå fjord til fjord. Me starta på Kvisti kl. 18.30 torsdag og var framme i Grøssvik kl. 15.00 søndag. Kort oppsummert var det ein fantastisk fin tur, der me fekk oppleve mykje av den vakre naturen øya har å by på. Me gjekk godt innpakka i ull på snøfonner eine dagen, til t-skjorte og shorts neste dag. Slik er det å vere på Vestlandet..
Her står me på Kvisti og er klar til å endeleg få starte på turen.
På veg mot Såta i nydelig vêr!
Første natta campa me rett nedanfor toppen av Såta.
Me fekk nyte ein fantastisk solnedgong før regnet kom!
Tidleg morgon 17. mai og flagget er på plass!
Lene på toppen av Såta.
Ein
av mangen pausa den dagen. Å gå frå Såta til Båtaleitet med 15 kilo på
ryggen og ingen søvn natta før, vart litt i tyngste laget.
Snart på toppen av Brøknipa.
God 17- mai-stemning på Brøknipa :)
18. mai og eit aldri så lite vêrskifte..
På veg frå Blomdalsleitet til Tyssedalen
Her ser me Bernessætra i det fjerne
På Bernessætra tok me oss ein god og long matpause, og det var vanskelig å forlate den herlege solveggen..
På veg ned mot Tyssedalen
Vakre Tysse!
Ikkje alt som tålte varmen like godt, som sjokoladen til dømes..
Denne dagen campa me mellom Tysse og Moen, ved eit nydelig vatn! Fossen som du ser vert ironisk nok kalla Moahelvetet.
Tid for middag! Biffstrimler med potetstappe, sopp og brokkoli. Det smakte herleg!
Bibel og bål e ein fin kombinasjon:)
19. mai og begge to har bursdag! Marshmallows var det nærmaste kake me kom..
Her pakkar eg sekken for siste gong på turen
Moen
Pappa møtte oss på kjerrevegen og gjekk med oss mot Toskedalsvatnet
Her ser me endelig fjorden!
Me har komt til Grøssvik og målet er nådd. To veldig fornøgde jenter!
Så utrulig flinke dåkke e då! Såg ut som ein fin tur:-)
SvarSlettSprekinger!
SvarSlett